Tunnelar på Hardangervidda i neste NTP

Nasjonal transportplan (NTP) er ein plan for prioritering av framtidig samferdselsutbygging med 12 års perspektiv, fordelt i 2 bolkar på 6 år , kalla første periode og andre periode. Inneverande plan er for 2025-2036. Planen vert rullert kvart 4 år. Neste NTP skal vera frå 2029-2040. Arbeidet med NTP går kontinuerleg og no er arbeidet med neste NTP sterkt igang. Det betyr at aktuelle samferdselsatatar har fått oppdrag frå Samferdselsdepartementet om innspel i neste NTP.

Tunnelar på Hardangervidda var oppe i Stortinget som eit Dokment 8 forslag (eit representantforslag). Forslaget var: » «Stortinget ber regjeringa gje oppdrag til Statens vegvesen om snarast å starte arbeidet med ein reguleringsplan for å etablere trygg heilårsveg over riksveg 7 Hardangervidda.» Her vart det fleirtalinnstilling frå Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget frå Høgre og Framskrittspartiet. Dette fekk ikkje fleirtal i Stortinget. Under avstemminga i Stortinget hadde Senterpartiet eit par forslag om utgreiing, som heller ikkje fekk fleirtal. Samferselsministeren peika på at slike planar skulle inn i NTP-arbeidet. Dei partia som utgjorde fleirtalet mot DOK 8 forslaget, peika også alle på at tunnelar på Hardangervidda måtte sjåast i samanheng med neste NTP. DET GIR HÅP.

Stortingsrepresentantar uttrykte forståing for den akutte situasjonen for den raudlista villreinen på Hardangervidda, men viste manglande vilje til å prioritera dei. Stamma må igjen få koma til dei klimagode områda nord for RV 7, inn mot tradisjonelle gode beiteområde ved kjølige Hardangerjøkulen. Dei må då få frie overgangar til å kryssa mellom sør og nord, på tunneltak over Rv 7. Dei varme områda sør for Haukelifjell er ikkje framtida for denne stamma, i tider med stadig aukande temperatur.

Arbeidet no for kommunane langs E 16, Rv 52 og Rv 7, frå Oslo til Bergen, samt Buskerud og Vestland Fylkeskommunar , er å sikra tunnelar på Hardangervidda inn i første periode av NTP 2029-2040. Nær 30 % av aust-vest-trafikken går no på Hardangervidda. Selskapet Hardangerviddatunnelene as er redskap for kommunane langs denne traseen og inviterer til samarbeid inn mot NTP.