HardangerviddatunneleneHardangerviddatunneleneHardangerviddatunneleneHardangerviddatunnelene
  • Prosjektet
  • Nyheter
  • Om oss
  • Dokumentasjon
  • Kontakt

Rv 7 Hardangervidda har mest trafikkauke av dei 3 hovudvegane aust-vest i 2017

    Home Rv 7 Hardangervidda har mest trafikkauke av dei 3 hovudvegane aust-vest i 2017

    Tala frå Statens Vegvesen si trafikkregistrering i 2017 er klare. For Hardangerviddatunnelene AS er det sjølvsagt mest interresant å sjå korleis trafikken har utvikla seg på Vidda og samanlikna det med utviklinga på dei andre 4 fjellovergangane aust vest. Me har forstått at 2017 var eit «normalt» år for Hardangervidda med vinterstenging/kolonnekøyring. I sommarmånadane hadde stenginga av Eidfjordtunnelen nok ein viss avvisingseffekt på trafikkantane.  Men så var det også naturleg litt problemer på andre aust-vest, så samanlinkninga bør vera representativ for trafikantane sine vegval aust -vest i 2017.

    Rv 7 Hardangervidda hadde Årsdøgnstrafikk (ÅDT) på 1224,  ein auke på 6.3 % frå 2016. Dette er den største auken for alle 5 fjellovergangane. Rv 52 Hemsedalfjellet hadde 2,5 % auke frå 2016.

    Dei 3 hovudvegane aust-vest har  81 % av den totale trafikken i 2017. Fordelinga jamnar seg ut:  24,7 % nyttar rv.7 Hardangervidda, 26.4 % nyttar rv.52 Hemsedalsfjellet og 29,4 % nyttar E 134 Haukelifjell.

    Dei 4 vegane nord for sentralvidda har 70,5 % av aust-vest – trafikken.  For trafikken Oslo – Bergen kjem hovudtyngda inn på E 16 Voss – Bergen.

    Slik er tala frå Statens vegvesen for 2017:

      ÅR/ÅDT Filefjell Hol-Aurland Hemsedal Hardangervidda Haukeli
    2012 654 348 1232 759 1411
    2013 675 338 1138 929 1438
    2014 863 298 1246 976 1436
    2015 1070 298 1280 1087 1475
    2016 923 291 1276 1151 1597
    2017 677 292 1308 1224 1460

    Følg oss

    Samarbeidspartnere:

    Buskerud Fylke Buskerud Fylke

    Hordaland Fylke Hordaland Fylke

    Nore_og_Uvdal_kommune Nore og Uvdal kommune

    Ål kommune Ål kommune

    Hol_kommune Hol kommune

    Eidfjord_kommune Eidfjord kommune

    Ullensvang_kommune Ullensvang kommune

    Ulvik_kommune Ulvik kommune

    Copyright 2015 Kreator Kommunikasjon AS og Hardangerviddatunnelene
    • Brev til Samferdselsminister Knut Arild Hareide, Januar 2021
    • Dokumentasjon
    • Index
    • Kontakt
    • KVU rv. 7 over Hardangervidda – Ny Høyring – Informasjonsmøte
    • Nyheter
    • Nyheter2
    • Om oss
    • Pressemelding frå Hardangerviddatunnelene AS 01. mars 2018
    • Prosjektet
    • Rv 7 Hardangervidda har mest trafikkauke av dei 3 hovudvegane aust-vest i 2017
    Hardangerviddatunnelene