Hardangervidda aukar mest i 2018.

Statens Vegvesen har lagt fram tala frå 2. kvartal 2018,  og Rv 7 Hardangervidda  viser framleis størst trafikkvekst samanlikna med 2017. Tala for 1.halvår 2018 viser samla 7,5 % auke over Rv 7 Hardangervidda i høve 2017. Til samanlikning så har Rv 52 Hemsedal ein liten nedgang på -1,6 % og Fillefjell også ein markant nedgang på 7,3 % (merk her omlegging til ny tunell). E 134 Haukelifjell manglar samanlikningstal.

Dei 4 fjellovergangane nord for sentralvidda Rv 7 , Fv 50, Rv 52 og E 16  har 68 % av aust-vesttrafikken medan E 134 Haukelifjell har 32 % av trafikken i 1. halvår 2018.  Altså er det meir enn dobbel så stor høgfjellstrafikk nord for som sør for Hardangervidda. Det tyder på at Stortinget sine val av hovudvegar aust-vest er i tråd med trafikantane sine prioriteringa.

Dette er interessante tal for Hardangerviddatunellene AS.  Med vekst over Hardangerbrua på 6 % og over Hardangervidda 7,5 %,  så tyder dette på ei markant trafikantprioritering av Rv 7  som hovudvega aust-vest. Dette må  Storting , Regjering og Vegvesen no følgja opp med løyvingar.

No er det gode køyreforhold og ei fin oppleving å kryssa Hardangervidda. Men når det ryk og fyk med stenging og kolonnekøyring ser mange trafikantar seg nøydde til å vejja andre vegar. Likevel har Rv 7 Hardangervidda 26 % av totaltrafikken aust-vest. Med Dyranuttunellen og Lågehætunnelen på plass i 2029 vil vintertryggleiken på Hardangervidda vera like god som dei andre fjellovergangane. Då er også Hardangerbrua nedbeltalt , og Rv 7 vert den absolutt kortaste og mest lettkøyrde vegen mellom Oslo og Bergen.