300 millionar vegkroner kan glippa for Hardangervidda

Det er i motvind ein må bruka krefter og i motbakke går det oppover. No er det viktig å flytta pengar. Alle må hjelpa til.

Likelydande brev frå Hardangerviddatunnelene AS er sende til Buskerud Fylkeskommune og Hordaland Fylkeskommune der oppmodinga er slik:

Hardangerviddatunnelene AS ber med dette Hordaland/Buskerud Fylkesting om å vedtak om slik endring i handlingsplan til NTP 2018 2023(29): »  Avsette midlar, kr. 300 mill., til Rv 7 Ørgenvika – Svenkerud vert omdisponert til oppgradering av Rv 7 over Hardangervidda på strekninga Leiro -Haugastøl. Dette samsvarar med Stortingsmelding 33 (2016 – 2017), og må sjåast som starten på oppgradering av Rv 7 over Hardangervidda som hovudsamband aust – vest for reiseliv og persontransport. Planarbeidet for dette må igangsetjast i 2018, slik at midlane kan nyttast i samsvar med planen i 2021-2022.»

Bakgrunn for dette:

I Stortingsmelding 33 (2016-2017) Nasjonal Transportplan2018-2029 har Stortinget på side 92 bestemt å bruka 300 mill kr til Rv 7 og 500 mill kr til rv 52. Dette oppfatta me alle som ei startløyving for likeverdig satsing på aust-vest-hovudvegane/høgfjellsovergangane Hardangervidda og Hemsedal. (Same grunnlag som midlar til hovudveg E134 Haukeli). MEN Statens Vegvesen har i forslaget sitt Handlingsprogram NTP 2018-2023(29) sett desse 300  mill kr til strekningsvise utbetringar Rv 7 Ørgenvika-Svenkerud. Hardangerviddatunnelene AS meiner dette ikkje er i tråd med intensjonen i Meld.St.33. Handlingsprogrammet har 506 mill kr til Rv 52 Hemsedal slik føresett av Stortinget.  Det er vinterregulariteten  som er hovudproblemet for Hardangervidda og midlane må brukast der. Når Stortinget har bestemt ei funksjonfordeling av høgfjellstrafikken mellom Rv52 for næringstrafikk og Rv7 for persontrafikk og reiseliv (reiseliv =persontrafikk), må Vegvesenet følgja dette lojalt opp.

Hallingdal arbeider for å gjennomføra Vegpakke Hallingdal som er strekninga Ørgenvika – Gol og forlenging av den flotte vegstrekninga Sokna – Ørgenvika. Dette skal ha eigen finansiering og utbyggingsformer.  Hallingtinget har samrøystes vedtatt at dei 300 mill kr i Meld.St.33 skal gå til tiltak PÅ Hardangervidda (Haugastøl – Leiro)

Hardangerviddatunnelene AS har same standpunkt på dette som Hallingtinget  I brev til Hordaland og Buskerud Fylkeskommunar  bede om fylkeskommunale vedtak , i sine NTP-uttalar til Samferdselsdepartementet, som krev at dei 300 mill kr til Rv 7 i Handlingsplananen NTP  vert flytta til tiltak på sjølve Hardangervidda.