Ugjendrivelige fakta..?

Den siste veka har det versert innlegg i både BA og BT som er destruktive for arbeidet ein legg i å byggje gode vegløysingar for heile Vestlandet. Det stammer ikkje frå bergensarar. Aksjonsgruppen for Hardangerviddatunnel svarer kritikerne i dette leserbrevet.

Tilhengjarane for ein arm frå E134 til Bergen (den omtalte Hordalandsdiagonalen), har utan tvil eit ektefølt engasjement for ein skikkeleg vegforbinding mellom aust og vest, Oslo og Bergen/Stavanger, og dei  gode regionale effektane ein slik arm vil kunne bringa med seg. 

Det er forståeleg at skuffelsen er stor blant diagonalforkjemparane. Samferdselsministeren har ikkje ynskt ei utredning av prosjektet, i det som kan verta gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP). Men det må påpeikast at det er ein avgrensa dramatikk i dette då  prosjektet ligg et godt stykke fram  i tid – ifølge Statens vegvesen er det snakk om realisering ein gong etter 2062.

Asbjørn Moe og Tryggve Lie har den siste veka skrive flammande innlegg i både BA og BT, kor de i hovudsak freistar å redusera dei som jobbar for ein utbetra Riksveg 7 til “hyttemafia”, og presenterer samfunnsøkonomiske analysar som “ugjendrivelige faktum”, til fordel for ein diagonal knytta til E134. Begge deler er direkte feil. Statens Vegvesen seier det sjølv, i grunnlagsdokumentet for Nasjonal Transportplan 2018-2029:

«Datagrunnlaget i samfunnsøkonomiske analyser bygger blant annet på framskrivinger som er usikre. Modellene vil alltid være en sterk forenkling av virkeligheten, slik at det vil være usikkerhet knyttet til dette. Det er flere faktorer som i dag er vanskelig å modellere og hvor det gjenstår arbeid med å få et godt nok metodeverktøy og datagrunnlag. Modellene er komplekse og fanger ikke opp alle relevante forhold. Små endringer i beregningsforutsetningen kan gi store utslag. Økt vektlegging av samfunnsøkonomiske analyser som en del av beslutningsgrunnlaget, øker risikoen for prioriteringer som bygger på feil i analysegrunnlaget.»

Å visa til dei samfunnsøkonomiske analysane som ein absolutt fasit, gjer ikkje ein gong Statens Vegvesen sjølv. Både Lie og Moe ser og ut til å meina at Statens vegvesen har teke Gud i foten på alt dei føretek seg og dermed burde det vel væra  en smal sak å tru på dei i denne samanhengen også?

Næringslivet langs riksveg 7 har eit enormt potensiale for sysselsettjing og verdiskapning, slik Lie og Moe meiner det også er langs E134 og med diagonal mot Bergen. Arbeidsplassane betyr mykje for oss, enten vi er fra Odda, Geilo, Bergen eller Voss. For riksveg 7 er næringspotensialet særlig stort innan reiselivet – og for ordens skuld snakkar vi da i hovudsak om turistnæringa, ikkje hyttelivet til bergensarane

Riksveg 7 kan verta ein sikker og rask forbinding austover, for store deler av Vestlandet – og samtidig skapa nye, bærekraftige arbeidsplassar. Den vil supplera E16 over Filefjell som det nordlege sambandet og E134 som det sørlege sambandet. Det er difor heilt naudsynt  å sjå grundigare på riksveg 7, slik statsråd Ketil Solvik Olsen har valt å gjera, med ein lang Hardangerviddatunnel, som en av to potensielle stamvegar mellom aust og vest.

Ja, også riksveg 7 må tåla samfunnsøkonomiske vurderingar, det skulle berre mangla, men også målt mot dei verdiane som ikkje kan pris setjast. Omsynet til villrein, til ynskje om spreidd  busetjing og bærekraftige arbeidsplassar i heile landet som kan finansiera den velferd alle kommunar forventar å levera til unge og gamle, er nokon av disse. Skulle vi utelukkande basert våre avgjerdsler på (ufullstendige) samfunnsøkonomiske analysar, burde vi sikkert alle vorte tvangsflytta  til Oslo, men her bur vi altså – samfunnunytta  til tross.

Sverre Kleivkås, Leiar i Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnel