Historisk viktig vedtak – Villrein og samferdsle

Endre Lægreid er leiar av Villreinnemnda for Hardangervidda. Ei avkorta versjon av følgjande innlegg stod på trykk i Bergens Tidende 2. mai. 

Denne hausten kan norske politikarar fatte eit vedtak som vil gje villreinen på Hardangervidda tilbake eldgamle trekkruter. Det vil i så fall vera eit historisk viktig vedtak for den største villreinstamma i Europa. Grip sjansen! Les innlegget her.

Villreinen inntok fjell-landet som opna seg når isen trekte seg tilbake etter den siste istida for om lag 10.000 år sidan. I hælane på villreinen kom også dei fyrste fangstfolka. Desse jegrane var dei fyrste menneska som nytta moglegheitene som villreinen og dette landet gav. Hardangervidda er i dag det klart største villreinområdet i Norge. Området er i stor grad like attraktivt for villreinen i dag som det var etter istida, men Vidda er under press. Dei siste godt og vel hundre åra har villreinen og villreinen sine leveområde vorte meir og meir påverka av menneskeskapt aktivitet og infrastruktur. For villreinen er fragmentering av leveområda ein av dei største truslane mot ei berekraftig framtid.

.

«For villreinen er fragmentering av leveområda ein av dei største truslane mot ei berekraftig framtid.»


Norge har teke på seg eit internasjonalt og bindande ansvar for å ivareta dei siste stammene av vill fjellrein i Europa. Som det einaste landet i Europa med intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein, er me forplikta til å ta vare på dei naturlege leveområda villreinen er avhengig av. I 2007 slo dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy frå SV fast; Sitat: «Det skal fokuserast på å oppretthalde og utbetre moglegheitene for vandring og utveksling av villrein mellom tilstøytande nasjonale villreinområde innanfor dei europeiske villreinregionane». 

Hensynet til villreinen er tema i svært mange saker og nesten utan unntak er det slik at dette hensynet set begrensingar på utviklinga lokalt og regionalt. Dette er saker som ofte har marginal betydning for villreinen. Saka om lang tunnel under Hardangervidda, er derimot ei sak som faktisk vil ha enorm betydning for villreinen. Alle med villreinfagleg kompetanse er heilt samstemde i at for Rv7 over Hardangervidda så er det er éin lang tunnel som er den einaste verkeleg gode og langsiktige løysinga for villreinen. 

Hardangerviddatunnellen vil gje villreinen tilbake eldgamle trekkruter. Det vil opna ein fri korridor mellom Norges største villreinområde (Hardangervidda) og det tredje største (Nordfjella). Trekkruta over Bergensbanen er allereie reetablert over den 10 km lange Finsetunnellen.

Ein lang tunnel vil gje villreinen betre tilgang til viktige beiteområder. Nordfjella-reinen kan koma sørover til Vidda på vinterstid, og Hardangervidda-reinen får tilbake viktige sommarbeite rundt Hardangerjøkulen. I enkelte år kan også Nord-vidda bidra med vinterbeite for Vidda-reinen. Reinen vil generelt vera mindre utsett for matmangel på grunn av til dømes vintrar med mykje nedising av beita. Stort areal betyr mindre fare for at alle beiteområde vert nedisa.

Alle andre løysingar enn ein lang tunnel, betyr at sjansen for å gjera det rette for villreinen er spolert i svært lang tid. Mindre opprustingar av dagens trase, eller nokon korte tunnelar, vil bety så store investeringar at lang tunnel vert uaktuell i mange tiår. Å ikkje gjera det rette for villreinen no betyr i praksis at sjansen er borte for generasjonar.

.

«Alle andre løysingar enn ein lang tunnel, betyr at sjansen for å gjera det rette for villreinen er spolert i svært lang tid.»


Arkeologiske funn underbyggjer argumenta om kor viktig denne korridoren er for villreinen. Sumtangen er ein gamal fangstplass som ligg ved Finnsbergvatnet, om lag midt mellom riksveg 7 ved Halne og Finse. Her er det gjort omfattande arkeologiske utgravingar og all aktivitet ved Sumtangen er relatert til fangst av villrein. Funna er viktige i nasjonal målestokk. Og så vidt me kjenner til er det den einaste staden i Norge der ein har gjort datering av arkeologiske funn frå samtlege 500-års-periodar, 8300 år tilbake i tid.

Poenget er at dette fjellområdet har vore eit viktig knutepunkt for årvisse villreintrekk heilt tilbake til tida då den store land-isen trekte seg tilbake. Erfaringane etter at Finsetunnellen vart teken i bruk på slutten av 1990-talet, viser at Nordfjella-reinen har reetablert trekket over Bergensbanen. Tilsvarande effekt er fagmiljøet samde om at ein lang Hardangerviddatunnel vil ha når det gjeld riksveg 7. Med lang tunnel under Hardangervidda får villreinen tilbake ein fullgod korridor mellom sentralvidda (Hardangervidda) og Nordfjella.  

I samband med Nasjonal Transportplan kjem ein til å gjera vedtak som vil vera historisk viktige for villreinen. Det er opp til politikarane om dei vert historisk gode eller historisk dårlege. For villreinen vil vedtak som sikrar ein lang Hardangerviddatunnel vera som å få velgje frå øverste hylle, det vil vera eit historisk godt vedtak. Alt anna vil derimot bety at Rv7 i praksis vert ein permanent villrein-barriere. Dette er i strid med våre internasjonale forpliktelsar og imot tidlegare lovnadar og føringar. Det vil vera eit historisk dårleg vedtak!

Villreinen fattar ingen vedtak. Det er det våre politikarar som gjer, også når det gjeld villreinen si framtid. Me forventar at dei fattar historisk gode vedtak.

Endre Lægreid
Leiar av Villreinnemnda for Hardangervidda